Konkursrådet tar ikkje stilling til spørsmål i enkeltsaker, men kan gi uttalar om prinsipielle spørsmål som har med bubehandling å gjere. Dei jobbar for at Noreg skal ha ei effektiv, praktisk og resultatorientert konkursbehandling som er lik over heile landet. Konkursrådet skal medverke til ei samordna og målretta førebygging av og tiltak mot konkurskriminalitet.

Rådet jobbar opp mot andre myndigheiter blant anna kring lovgivingsprosessar, og kan til dømes gi høringsuttaler.

Konkursrådet er fagleg uavhengig av Justis- og beredskapsdepartementet, men departementet fastset mandatet. Statens sivilrettsforvaltning utnemner medlemmene i rådet, og Konkursrådet rapporterer til departementet gjennom årsrapporten til Statens sivilrettsforvaltning.

Meir informasjon om Konkursrådet sine oppgåver og samansetting finn du på www.konkursradet.no

Konkursrådet kan kontaktast gjennom sekretariatet.