Generelt om ordninga

Tilskot til spesielle rettshjelptiltak har som føremål å leggje til rette for kostnadseffektive rettshjelptilbod retta mot særleg utsette grupper og personar i ein særleg vanskeleg situasjon, som kan oppfatte at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk bistand er høg.

Tilskotsordninga er ei open og søknadsbasert ordning, vedteke som forskrift i desember 2020.

Fristen for å søke tilskot for 2021 er gått ut.
Frist for å søke for 2022 er 1. desember 2021.

Vi gjer spesielt merksam på at også rettshjelptiltak som tidlegare fekk årleg tilskot etter den øyremerkte ordninga, no må søke på lik linje med andre. Det er ikkje tilstrekkeleg å melde inn ressursbehov.

Retningslinjer for tilskotsmottakarar

Årsrapportering

Tilskotsmottakarane rapporterer årleg i tråd med krav og fristar i tilskotsbreva frå Statens sivilrettsforvaltning.

Fristen for å rapportere er 1. april kvart år.

Evaluering av ordninga

Det er eit krav i økonomiregelverket i staten at tilskotsordningar skal evaluerast for å vurdere om tilskotsmidlane som er løyvde av Stortinget, treff målsettingane for ordninga. Oxford Research har evaluert og skreve ein rapport om tilskotsordninga for spesielle rettshjelpstiltak.