Generelt om ordninga

Eit alminneleg verjemål er eit frivilleg hjelpetiltak for personar som på grunn av ein skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting ikkje kan ta vare på interessene sine sjølv.

Når det blir oppretta verjemål vil personen behalde kontroll over pengane og eigedelane sine, og vil kunne ta hand om rettane sine sjølv så langt han eller ho klarer. Verja skal hjelpe med å ivareta interessene for, og supplere personen som har verje når han eller ho ikkje klarer i ivareta interessene sine sjølv. Likevel skal ikkje verja gjere noko som personen ikkje ønskjer. Verja skal alltid høre med den han eller ho er verje for om ein skal ta større avgjerder, og elles når det er naturleg. Verja skal gi råd, rettleiing og hjelp.

Personar med behov for verje er ei samansett og ueinsarta gruppe. Mandatet til verja skal aldri vere meir inngripande enn behovet for hjelp faktisk er.

Organisering av verjemålsforvaltninga

Statsforvaltaren er lokal verjemålsmyndighet. Det er statsforvaltaren som opprettar verjemål, oppnemner verjer, og definerer mandatet. Verja må søkje statsforvaltaren om godkjenning for nokre typar disposisjonar som har stor tyding for den som har verje.

Statsforvaltaren gir verjene opplæring, råd og veiledning, gjer tilsyn med verjer og kan ta ifrå verjer oppdrag.

Statens sivilrettsforvaltning er sentral verjemålsmyndigheit og held hus i Oslo og på Hamar. Vi held tilsyn med statsforvaltarane og er klageinstans for vedtak frå statsforvaltaren. I tillegg har vi et overordna ansvar for finansforvaltning, informasjon og opplæring og er systemeigar for Vera. Vera er IKT-systemet som brukast av verjemålsforvaltninga.