Verjemål

Statens sivilrettsforvaltning er sentral myndigheit for verjemålsordninga. Meir informasjon om verjemål finn du på www.vergemal.no.

Eit alminneleg verjemål er eit frivilleg hjelpetiltak for personar som på grunn av ein skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting ikkje kan ta vare på interessene sine sjølv.

Når det blir oppretta verjemål vil personen behalde kontroll over pengane og eigedelane sine, og vil kunne ta hand om rettane sine sjølv så langt han eller ho klarer. Verja skal hjelpe med å ivareta interessene for, og supplere personen som har verje når han eller ho ikkje klarer i ivareta interessene sine sjølv. Likevel skal ikkje verja gjere noko som personen ikkje ønskjer. Verja skal alltid høre med den han eller ho er verje for om ein skal ta større avgjerder, og elles når det er naturleg. Verja skal gi råd, rettleiing og hjelp.

Personar med behov for verje er ei samansett og ueinsarta gruppe. Mandatet til verja skal aldri vere meir inngripande enn behovet for hjelp faktisk er