Generelt om ordninga

Barn som har opplevd vald mot personar som står dei nær, kan tilkjennast valdsoffererstatning når opplevinga er så alvorleg at ho er eigna til å skade barnet.

Ved dødsfall som følgje av straffbar handling kan dei næraste personane til avdøde bli tilkjende valdsoffererstatning. Det gjeld ektefelle, sambuar, barn og foreldre av avdøde. I særlege tilfelle kan også søsken bli tilkjende erstatning.

Reglane for valdsoffererstatning er forskjellige avhengig av tidspunktet for valdshendinga. Både vilkåra for valdsoffererstatning og dei øvre beløpsgrensene kan variere med hendingstidspunktet.

Kva kan erstattast

Valdsoffererstatning kan dekkje utgifter og tap du har hatt eller vil få som følgje av skaden du er påført. I tillegg kan det tilkjennast oppreisning for ikkje-økonomisk tap (tort og svie). Dersom skaden har ført til varig medisinsk invaliditet av eit visst omfang, kan også meinerstatning innvilgast.

Når tapet kan erstattast gjennom trygdeordningar, forsikring o.l

Valdsoffererstatninga omfattar ikkje tap som kan dekkjast av andre ordningar.

Nokre tapspostar kan vere omfatta av andre offentlege kompensasjonsordningar, til dømes sjukepengar, reiseutgifter til behandling, tannbehandling etter valdshandlingar. Informasjon om kva som blir dekt, får du ved å kontakte Nav.

Mange vil kunne få refundert utgifter gjennom forsikringane sine. Kontakt også forsikringsselskapet ditt for å undersøkje kva som er råd å få dekt der.

Dersom skaden har skjedd medan du var på arbeid, vil du kunne få dekt tapet gjennom yrkesskadeforsikring. Arbeidsgivar har plikt til å sende skademelding til det lokale Nav-kontoret ditt. Dersom arbeidsgivar ikkje har gjort dette, kan du melde skaden sjølv.

Korleis søkje

Det er ikkje påkravd med advokatbistand for å søkje valdsoffererstatning. Du kan sjølv fylle ut søknadsblanketten, som du finn på nettsida til Kontoret for valdsoffererstatning. Følg rettleiinga som ligg der.

Korleis klage

Har du fått eit vedtak frå Kontoret for valdsoffererstatning som du ønskjer å få overprøvd, kan du innan tre veker etter at du fekk det, sende ei klage. I klaga bør du skrive kva endring du ønskjer i vedtaket. Du bør grunngi kvifor du meiner at vedtaket bør gjerast om. Send klaga til Kontoret for valdsoffererstatning, som anten vil gjere om vedtaket eller  sende saka til klageinstansen.

Det er Erstatningsnemnda for valdsoffer som er klageinstans. Statens sivilrettsforvaltning er sekretariat for nemnda, førebur alle sakene for klagebehandlinga og avgjer 2/ 3 av sakene i medhald av delegasjonsmynde frå nemnda.

Erstatningsnemnda for valdsofre er klageorgan

Erstatningsnemnda for valdsoffer er klageorgan for vedtak som Kontoret for valdsoffererstatning har gjort etter valdsoffererstatningslova.

Erstatningsnemnda har følgande medlemmer:

Leder for Gjenopptakelseskommisjonen Helen Sæter (leder)
Dommer Hanne Helle Arnesen (varaleder)

Dommer Berit Marianne Sangolt (medlem)
Dommer Thom Arne Hellerslia (varamedlem)

Advokat Per Johnny Olsen (medlem)
Advokat Cecilia Dinardi (varamedlem)

Rolla til Statens sivilrettsforvaltning i klagebehandlinga

Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er sekretariat for Erstatningsnemnda for valdsoffer (nemnda). Oppgåva til SRF er å førebu klagesakene for behandling i nemnda.

Nemnda har gitt SRF mynde til å gjere vedtak i dei klagesakene der avgjerda ikkje byr på vesentleg tvil. 2/3 av sakene blir avgjorde av SRF i tråd med delegasjonsmyndet.

Delegasjonsfullmakt frå Erstatningsnemnda til Statens sivilrettsforvaltning.

Saksbehandlingstid

Som hovudregel er klagesaka avgjord innan seks månader etter at Statens sivilrettsforvaltning har tatt imot klaga.

 
 

Vedtaka kan lesast på internett

Eit utval av vedtaka frå Statens sivilrettsforvaltning og alle vedtaka frå nemnda blir anonymiserte og sende til Lovdata for publisering. For å få tilgang til nettsida med vedtaka må du ha abonnement på Lovdata.